Handverk og tradisjon, i eitt med naturen
Velkomen til garden Skarbø ved Storfjorden på Sunnmøre. Her byggjer åttande generasjon, Kristine og Carlos, på lange tradisjonar og solid handverk for å gi deg uforgløymelege smaksopplevingar.
Vår ost - upasteurisert pasjon
Osten vår er ysta av heilt fersk, upasteurisert mjølk frå dei tjue kjekke kyrne våre. Osten får god tid til å modnast i ein naturleg sval steinkjellar slik at smaken vert rik og fyldig. Den vellagra osten Soleglad fekk bronsemedalje i Oste-VM 2018/2019.
Vår sider – perlande glede
Når haustsola blinkar i bakkane, plukkar vi saftig frukt og pressar fersk most. Gjennom fredfylt vinterstid vert most til edel sider. Eple frå fine tradisjonssortar gir sideren vår ein særeigen smak og karakter.
Gardsbesøk
Om de er ei bedrift eller gruppe som ynskjer omvising på garden og smaking, så er de velkomne til å ta kontakt.
Skarbø Sideri & Landhandel
Sommaren 2025 opna vi Skarbø Sideri & Landhandel i Allmenningen 1 på Stranda!
Her får du alle produkta våre, saman med andre gode, lokale varer som spekemat, honning, marmelade og kaffi. Du kan også nyte ein frisk eplemost eller deileg cappuccino med nystekte sveler både inne og ute.
JULEGÅVER 2025
Vi set gjerne saman gåvepakkar til di bedrift, ta kontakt for tilbod, så finn vi ei god løysing.
OPNINGSTIDER DESEMBER 2025
Torsdag & fredag 13-17
Laurdag 11-16