Om oss

På Skarbø brenn vi for å skape gode opplevingar.

Kristine vaks opp som odelsjente på Skarbø. Her vart ho veldig glad i kyr, fjell og bygda si, og kjende også ei stor oppdagarlyst. Som 16-åring fekk ho ein gylden sjanse til å bu eit år i Tokyo, og seinare vart det studiar på Ås som førte vidare til ein PhD-grad i antropologi i USA. Som student og forskar fekk ho moglegheiter til å leve mange stader rundt omkring i verda. På vegen traff ho Carlos, og då dei budde i Medellin, Colombia, bestemte dei seg for å vende tilbake til Noreg og bli bønder på Stranda. Når Kristine ikkje rører i ystekaret eller prøvesmakar sideren, arbeider ho ved NMBU.

Carlos kjem frå Andalucia i Spania. Han vaks opp som bygut, men har røter på Granadakysten og i Sierra Nevada, der mange i slekta driv jord- og hagebruk. Familien dyrkar og lagar sin eigen vin, og i oppveksten fylte dei byhagen med høner, grønsaker, avocado og sitrustre. Slekta har geiter og kyr som beitar i store fjellområde ovanfor Granada, og somrane fekk Carlos og syskena vere med på små og store eventyr hjå besteforeldra her oppe. Carlos studerte skogfag og vart ingeniør, og når han ikkje er i sving på garden er han å finne i staben til Stranda kommune.

Skarbø er mellom dei eldste gardane på Stranda, og folk har levd og dyrka jorda her i minst eit årtusen. Skarbøgarden strekk seg frå fjøresteinane og opp mot setra Smørhola. Ned frå fjellet, midt gjennom garden og ut i fjorden renn Skarbøelva, og dannar eit skar i bøen. Ein dag i 1870-åra dreiv tippoldefar, Rasmus Skarbø, og arbeidde jorda på Storåkeren nedanfor tunet. Då fann han eit sverd og eit bryne frå Vikingtida. Det er både underleg og fint å tenkje på at forfedrane og -mødrene våre har dyrka denne same jorda som vi i dag tek hand om og lever av, i mange hundre år.

Historia

Vikingtid
Gardsdrift på Skarbø.
1774
Garden går inn i vår slekt.
1893
«Bygdens meieri» vert grunnlagt. I drift på garden fram til 1917. Eksport av smør til England.
1905
Odelsgut Lars Jørgen Skarbø kjem heim frå gullgraving i Alaska, giftar seg med Ane Helene, og tek over garden. Får etter kvart ti born, mellom dei bestefar Peter.
1914
Dagens våningshus, som no også rommar ysteri og gardsbutikk, vert bygd.
1930 – 1970
Epledyrking vert ein viktig del av gardsdrifta saman med variert husdyrhald.
1945
Fredsår og Peter giftar seg med si Borghild. Gifteringar av den siste gullklumpen frå Alaska.
1974
Lars Helge tek over drifta, og satsar på mjølkeproduksjon. Forelskar seg snart i Eli, ei byjente frå Bergen som vert ei driftig gardskone.
2000
Oppstart med «Inn på tunet», der skuleelevar får ta del i gardslivet.
2014
Carlos frå Spania og odelsjente Kristine flyttar heim og tek over garden, og driv vidare saman med Eli og Lars Helge.
2017
Gardsmeieriet opnar.
2018
Første siderflasker for sal og opning av gardsbutikk.
2019
Nytt sideri teke i bruk. Skjenkeløyve og ost- og sidersmaking på stabbursloftet.

Gardsliv

På Skarbø er det alltid liv og røre. Målet vårt er at både folk og fe skal ha det godt. Garden er, som han alltid har vore, eit familieprosjekt, og vi er tre generasjonar som driv i lag. Vi har tjue kjekke mjølkekyr, ein flokk kviger og kalvar, sju høner og ein hane, fjøskatten Siri og huskatten Mina Bella. I tillegg til mykje friskt gras, dyrkar vi frukt og bær, grønsaker og poteter, og så sankar vi i skogen og fiskar i fjorden. 

Å nyte ureist mat er ei stor glede i gardslivet. Om våren arbeider vi jorda, og sår nye frø. Om sommaren er det full fart, med dyrking, slått og beite, både på bøane rundt tunet og oppe på heiane. Om hausten er det tid for å sanke og hauste og sylte og presse og safte og salte og speke. Vi synest vi er heldige som får drikke dagsfersk mjølk, og lagar gjerne våre eigne mjølkeprodukt. No vil vi dele denne gleda med deg, og har difor byrja å lage ost, most og sider i litt større målestokk.