Gardsbutikken finn du i kjellaren på det over 100 år gamle våningshuset. Her får du ost, eplemost og sider frå garden, saman med honning og marmeladar frå andre lokale produsentar.
No i vår held vi open butikk torsdag og fredag kl 13-18. Ynskjer du å kome til andre tider, er det berre å ta kontakt for å avtale.
Vi samarbeider også med Skinkerådhuset på Stranda. Har de lyst til å vere med på Sidersmaking med tapas av ost og skinke, og smake på det beste Stranda har å tilby, så ta er det berre å ta kontakt. Vi kan skreddarsy eit opplegg med gardsbesøk og smaking for di bedrift eller gruppe.