Då vi feira bryllaup på ein fjellgard i Sierra Nevada, fekk vi ei vinpresse i gåve. Dette vart starten på det vesle sidereventyret vårt – vi drog heim og pressa eple frå garden til fersk most, fann fram gamle glasballongar, og sette vår første sider. Alle som fekk smake vart begeistra, og oppfordra oss til å lage meir. Sjølvsagt måtte vi det!

Sidrane og eplemostane våre er laga av fine tradisjonssortar, som kvar har sin særeigne smak og si historie.

Petrine er ein sjeldan og smakfull sort avla fram i nabobygda Norddal på 1800-talet av den driftige prestedottera Helene Petrine Hvidt. Vi kjenner berre til to attlevande tre av sorten, så dette er ein arv vi vil ta vare på. Petrine-apalen vår troner øvst på Storåkeren nedanfor tunet, og du finn han att på framsida av flaskene.

Prinsareple er ein norsk sort opprinneleg frå Hardanger som har vore kjær i bygda vår lenge. Han finst både som gule og raude eple, og dei er små og vakre, og friske og søte i smaken. Då Kristine var lita sprang ho og syskena gjerne ned til eplehagen før skulebussen kom, for å ta med nokre prinsareple i sekken.

Gravenstein er ein sort som vart avla fram i Danmark på 1700-talet. Epla er store, smakfulle og saftige. No er raud gravenstein mest vanleg, men eldre dyrkarar held på at den gule sorten er den beste. Vi nyttar begge deler i gravenstein-sideren vår.

Her set vi ein sider av fleire gode, tradisjonsrike sortar saman, slik som Kaupanger, Torstein, og Signe Tillisch.

Eplemosten vår inneheld berre hundre prosent eple og er heilt alkoholfri. Vi pressar most av ulike sortar, slik at alle kan finne sin favoritt. Mosten er fin å servere til gode måltid og ein herleg tørstedrikk. Prøv også gjerne eplegløgg – varm mosten saman med ei kanelstang, eit stykke stjerneanis og ei skei sukker, og nyt i vinterkvelden.

Siderframstilling

Desse tradisjonelle eplesortane passar veldig godt til siderlegging – mosten vert ekstra frisk og smakfull, og sideren får fylde og karakter. Sorten set sitt preg på det ferdige produktet, slik at kvar sider vert unik.

Etter innhaustinga ute i bakkane ber vi epla rett inn i sideriet, der dei vert kverna og pressa til fersk most. For den som ikkje kan vente, tappar vi noko av den herlege safta på flasker med ein gong. Denne mosten kan nytast som eit friskt alkoholfritt alternativ heile året. Resten vert varsamt fylt på ballongar og tankar, og får god tid til å modnast, slik at aroma og smak får utvikle seg. Sideren vår er heilt utan tilsetjingsstoff, og er eit reint naturprodukt. Sjølv gjæren er ureist og kjem frå eplehagen.

Serveringstips

For den beste smaksopplevinga, skal sideren serverast lett avkjølt, rundt 6-8 °C. Fram til du skal servere han, er det best å leggje flaskene kjøleg og horisontalt, slik at dei fine boblene ikkje forsvinn ut gjennom naturkorka.

Sider av alle sortane er ypparleg som aperitiff. Det aller beste fylgjet til sideren er ost. Sider kan også serverast til mange typar mat. Dei tørrare sidrane passar fint til sjømat så vel som kjøtrettar og søtare sider er særs godt til dessert og kaker. Prøv deg fram og finn dine favorittkombinasjonar!