Når du skal finne garden vår køyrer du på hovudvegen opp frå Stranda sentrum, og tek av inn i Bygda ved skiltet som viser mot Opshaugvik. Så følgjer du den same Bygdavegen forbi Ringstad Skule, opp Ousbakkane, og ca tre kilometer innover til du ser eit tun der både den raude løa og det kvite våningshuset står ovanfor vegen, og ein stor eplehage nedanfor vegen. Sving opp og parker nedanfor våningshuset, der du finn gardsbutikken i kjellaren.