Når du skal finne garden vår køyrer du på hovudvegen opp frå Stranda sentrum, og tek av inn i Bygda ved skiltet som viser mot Opshaugvik. Så følgjer du den same Bygdavegen forbi Ringstad Skule, opp Ousbakkane, og ca tre kilometer innover til du ser eit tun der både den raude løa og det kvite våningshuset står ovanfor vegen, og der er eit stort grantre. Sving opp mellom morellebærtrea og grana, parker nedanfor det gamle våningshuset, og ring oss gjerne.