På garden kan du heile året besøke gardsbutikken.  Om de kjem i ei gruppe, kan vi også tilby omvising, smaking og servering på stabbursloftet etter avtale.  

Gardsbutikken finn du i kjellaren på det over 100 år gamle våningshuset. Her får du ost, eplemost og sider frå garden, saman med honning og marmeladar frå andre lokale produsentar. Vi set saman gåvepakkar etter ynskje om pris og innhald, og du kan kjøpe drikkevarer enkeltvis eller prøve ei assortert kasse.

I vinter har vi open gardsbutikk måndag – laurdag kl 10-18.

If you so desire, we can also tailor a program with a farm visit and tasting for your company or group. It is just to contact us at post@skarbogard.no or phone + 47 90781881.