Tel: +47 90 78 18 81 /+ 47 90 82 04 69
E-mail: post@skarbogard.no

Address: Bygdavegen 335, 6200 Stranda, Norway

Når du skal finne garden vår køyrer du på hovudvegen opp frå Stranda sentrum, og tek av inn i Bygda ved skiltet som viser mot Skarbø Gard. Så følgjer du den same Bygdavegen forbi Ringstad skule, opp Ousbakkane, og ca tre kilometer innover til du ser eit tun der både den raude løa og det kvite våningshuset står ovanfor vegen, og ein stor eplehage nedanfor vegen. I 2023 fekk vi også eit «Skarbø Gard»-skilt her, så det er veldig lett å finne avkøyrsla. Sving opp og parker nedanfor våningshuset, der du finn gardsbutikken i kjellaren. Om der ikkje er noko akkurat no, så ringer du berre telefonnummeret på døra, og ein av oss kjem straks. Velkomen!