Med den gode, ferske mjølka frå buskapen vår, lagar vi ost i eit nytt ysteri i det hundre år gamle våningshuset. Her tek vi opp att arven frå meieridrift på Skarbø i svunne tider, og byggjer på tradisjonar frå Carlos sin spanske familie, som har lært oss å yste slik det vert gjort oppe i fjellet i Sierra Nevada.

Osten vår er blitt godt motteken, og Soleglad fekk bronsemedalje i World Cheese Awards i 2018.

Soleglad lagra er modna på granhyller i minst to månader. Smaken er frisk og rund, og konsistensen mjuk og fin. Passar til det meste, både som pålegg og til kos. Putt ein bit i munnen, og kjenn vårsol og yrande glede.

Soleglad vellagra er modna i minst seks månader, og har ein ekstra fyldig smak. Konsistensen vert noko fastare og smaken meir konsentrert. Kan minne om spansk manchego. Særleg fin til tapas, og hevar smaken i gode måltid – høvle gjerne over supper og pastarettar, og bruk til gratinering.

Soleglad skorpefri er den mildaste varianten av Soleglad, ein frisk og smakfull ost med litt sprø konsistens. Fin til brød, og super i salat. Om du vil, set prikken over ien med ein liten klatt kortreist syltetøy eller gelé.

Carmen kombinerer det beste frå nord og sør – fersk mjølk frå garden og krydder frå Spania. Den mjuke og milde osten får ei smakfull og spanande skorpe av røykt paprika og kaldpressa olivenolje. Drøym deg til sørlegare breiddegrader med Carmen, oppkalla etter Carlos si bestemor, som kvart år tørka lange remser av paprikaer i solveggen på det kvite murhuset sitt. Perfekt til tapas og vakker på ostebordet. Skjer gjerne fine skiver der den raude skorpa får pynte kvar bit.

Apal er den nyaste osten vår. Her får du heile garden i ein bit – osten er modna i sider! Apal er eit godt norsk ord for epletre, derav namnet.  Sideren gir osten eit tydeleg syrleg og friskt preg, og den passar fint til tapas og saman med mild spekeskinke.  

Vi ystar vinterstid, når mjølkemengda er på topp, og dei grøne bøane kviler under snøen. Så snart kyrne er mjølka om morgonen, er ystinga i gang, og gjennom dagen vert den heilt ferske, upasteuriserte mjølka forvandla til ostemasse, og så til runde hjul. 

Heile prosessen er eit handverk utført med kjærleik, tolmod og nøyaktigheit. Fordi vi ikkje gjer noko anna med mjølka før ystinga enn å varsamt helle henne over i ystekaret, beheld vi den reine mjølka til fulle, med alt den har av næring og smak. 

Modningslageret med veggar av naturstein og hyller av gran, har naturleg akkurat passe temperatur for at den gode og fyldige ostesmaken kan utvikle seg vidare. Der inne vert ostane snudde og stelte. Modninga kan halde fram i mange månader – dess lenger dei vert lagra, dess meir aroma får dei. Dette speglar seg i sluttproduktet, som vert noko av det sunnaste og beste du kan ete.

Nyt ostane våre når du har lyst på ein liten godbit, og server dei til familie og vener. Dei passar fint både til brød og som tapas. Dei kan gi ein ekstra god smak høvla over pizzaen, eller skore i terningar i ein frisk salat. Kombiner gjerne osten med honning, syltetøy eller gelé frå nærområdet. 

Ostane er like gode heile dagen, og er perfekte til ein munnfull i kveldinga, når sola glader, og brer ro over landet. Legg nokre pene skiver på eit fat, fyll noko godt i glaset, set deg ned og nyt ein augneblink av livet.