Då vi feira bryllaup på ein fjellgard i Sierra Nevada, fekk vi ei vinpresse i gåve. Dette vart starten på det vesle sidereventyret vårt – vi drog heim og pressa eple frå garden til fersk most, fann fram gamle glasballongar, og sette vår første sider. Alle som fekk smake vart begeistra, og oppfordra oss til å lage meir. Sjølvsagt måtte vi det!
Sidrane og eplemostane våre er laga av fine tradisjonssortar, som kvar har sin særeigne smak og si historie.









Glød er vår aller nyaste sider – ein rosésider laga av eple og friske bær frå hagen: bringebær, rips og morell. Den har ein aldeles nydeleg raudfarge, og vi håpar at den vil gi glød og glede til mange. Glød er eitt av fire ord som er viktige for oss i livet på garden: fryd, glød, håp og mot. Du finn dei på toppen av korka.
Aroma: Duft av roser og raude bær.
Smak: Fruktig, tørr og fyldig smak med preg av rips, bringebær og morell. Balansert med god lengde.
Farge: Gylden raud.
Søtleik og styrke: Tørr. 7% vol.
Passar til: Aperitiff, tapas, ost, spekeskinke, sjømat.
Skarbø Sider Glød får du i gardsbutikken og på Vinmonopolet.
*Gullmedalje, Nordic International Cider Awards, 2023
*89 poeng, Terningkast 5, VG-test av norsk sider, 2023
*Sølvmedalje, Nordic International Cider Awards, 2022

Arvegull er ein hyllest til den rike plantearven vår. Laga av fersk frukt frå ærverdige tre av fine tradisjonssortar.
Aroma: Tropisk frukt, sitrus, urter, hint av honning.
Smak: Frisk og fyldig med preg av tropisk frukt og sitrus. Balansert avslutning og god lengde.
Farge: Gylden.
Søtleik og styrke: Halvtørr. 7% vol.
Passar til: Aperitiff, ost, svin, storfe.
Skarbø Sider Arvegull 2022 er no klar, og du får han i gardsbutikken og på Vinmonopolet.
*96 poeng, Terningkast 6, VG-test av norsk sider, 2023
*Bronsemedalje, Nordic International Cider Awards, 2022
*96 poeng, Terningkast 6, VG-test av norsk sider, 2022
*Sølvmedalje, Norges Beste Eplemost, Sider og Fruktvin 2020

Gravenstein er ein sort som vart avla fram i Danmark på 1700-talet. Epla er store, smakfulle og saftige. No er raud gravenstein mest vanleg, men eldre dyrkarar held på at den gule sorten er den beste. Vi nyttar begge deler i gravenstein-sideren vår.
Aroma: Duft av fersken og solmodne eple.
Smak: Fyldig og frisk smak av fersken og plommer med hint av sitrus. Perlande og med god lengde.
Farge: Lys gylden.
Søtleik og styrke: Søt. 7% vol.
Passar til: Dessert, bær, kaker, aperitiff, tapas.
Du finn Gravenstein-sideren i gardsbutikken og på Vinmonopolet.
*Sølvmedalje, Nordic International Cider Awards, 2023
*Sølvmedalje, Norges Beste Drikke 2023
*Sølvmedalje, Nordic International Cider Awards, 2022
*95 poeng, VG-test av norsk sider, 2022
*Gullmedalje, Norges Beste Eplemost, Sider og Fruktvin 2021

Prinsareple er ein norsk sort opprinneleg frå Hardanger som har vore kjær i bygda vår lenge. Han finst både som gule og raude eple, og dei er små og vakre, og friske og søte i smaken. Då Kristine var lita sprang ho og syskena gjerne ned til eplehagen før skulebussen kom, for å ta med nokre prinsareple i sekken.
Aroma: Rik aroma av blomar og sitrus, med hint av honning.
Smak: Frisk eplesmak med hint av valnøtt og urter. Elegant, perlande og god lengde.
Farge: Lys gylden.
Søtleik og styrke: Halvtørr. 7% vol.
Passar til: Aperitiff, tapas, ost, spekeskinke, sjømat.
Skarbø Sider Prinsareple får du i gardsbutikken og på Vinmonopolet.
*90 poeng, Terningkast 5, VG-test av norsk sider, 2023
*86 poeng, VG-test, Handverkssider, 2022
*Sølvmedaje, Norges Beste Eplemost, Sider og Fruktvin 2021
*85 poeng, VG-test, Handverkssider, 2020

Sorten Summerred kom opprinneleg frå Kanada, og har deileg syrlege og smakfulle eple. Dei har fin raudfarge på skalet, og eit sprøtt og saftig fruktkjøt.
Aroma: Duft av blomar og eple.
Smak: Frisk, syrleg og tørr med fin, lett bitterheit i avslutninga. Preg av ferske eple og sitrus. Perlande og god lengde.
Farge: Lys gylden.
Søtleik og styrke: Tørr. 8 % vol.
Passar til: Fisk, sjømat, spekemat, ost, lette kjøtrettar.
Skarbø Sider Summerred kan finnast både i gardsbutikken og på Vinmonopolet.

Petrine er ein sjeldan og smakfull sort avla fram i nabobygda Norddal på 1800-talet av den driftige prestedottera Helene Petrine Hvidt. Vi kjenner berre til to attlevande tre, og dette er ein arv vi vil ta vare på. Petrine-apalen vår troner øvst på Storåkeren nedanfor tunet, og du finn han att på framsida av flaskene.
Aroma: Floral, med hint av honning, karamell og høy.
Smak: Frisk smak med preg av eple og sitrus. Fin balanse mellom syre og sødme, og god lengde. Perlande, tørr og krema munnkjensle.
Farge: Brilliant, strågul.
Søtleik og styrke: Tørr. 7% vol.
Passar til: Aperitiff, lam, spekemat, sjømat.
Skarbø Sider Petrine fann du inntil nyleg eksklusivt i gardsbutikken og på Petrines Gjestgiveri, men no er vi heilt tomme…vi håpar på ein flott Petrine-haust i år, så vi kan lage meir.
*89 poeng, VG-test av Handverkssider 2021
*Bronsemedalje, Norges Beste Eplemost, Sider og Fruktvin 2020
*Sølvmedalje, Norges Beste Eplemost, Sider og Fruktvin 2019

Discovery er ein opprinneleg engelsk, smeisande god sort. Dei saftige, aromatiske epla gir ein smakfull og frisk sider.
Farge: Gylden.
Lukt: Aromatisk med hint av lakris og urter.
Smak: Fyldig og balansert smak av eple med tonar av lakris, vanilje, rose, urter.
Søtleik og styrke: Halvtørr. 7% vol.
Passar til: Aperitiff, ost, lam.
Skarbø Sider Discovery er vi no heilt utselde for. Kanskje blir det ny neste år?
*88 poeng, Sidertest, Norske Vinklubbers Forbund 2021
*Sølvmedalje, Norges Beste Eplemost, Sider og Fruktvin 2020
Pærle er ein sider av pærer frå gamle, flotte tre i Stranda sine solfylte og hemmelege hagar.
Farge: Strågul.
Aroma: Floral, med preg av pære og hint av tropisk frukt.
Smak: Ein frisk, rein og lett sider med tydeleg smak av pære. Tørr og perlande.
Søtleik og styrke: Tørr. 6% vol.
Passar til: aperitiff, ost, spekemat, lette rettar.
Skarbø Sider Pærle er vi no tomme for, men neste haust skal det setjast ny – heilt sikkert!

Eplemosten vår inneheld berre hundre prosent eple og er heilt alkoholfri. Vi pressar most av ulike sortar, slik at alle kan finne sin favoritt. Mosten er fin å servere til gode måltid og ein herleg tørstedrikk. Prøv også gjerne eplegløgg – varm mosten saman med ei kanelstang, eit stykke stjerneanis og kanskje ei skei honning, og nyt i vinterkvelden.
Hausten 2023 laga vi most av Aroma, Filippa, Discovery, Rosette og Rubinstep. Du kan velje mellom store og små flasker.
* Skarbø Eplemost Filippa fekk Gullmedalje i Norges Beste Drikke 2023
* Skarbø Eplemost Gravenstein fekk Sølvmedalje i Norges Beste Drikke 2023
Siderframstilling
Desse tradisjonelle eplesortane passar veldig godt til siderlegging – mosten vert ekstra frisk og smakfull, og sideren får fylde og karakter. Sorten set sitt preg på det ferdige produktet, slik at kvar sider vert unik.
Etter innhaustinga ute i bakkane ber vi epla rett inn i sideriet, der dei vert kverna og pressa til fersk most. For den som ikkje kan vente, tappar vi noko av den herlege safta på flasker med ein gong. Denne mosten kan nytast som eit friskt alkoholfritt alternativ heile året. Resten vert varsamt fylt på ballongar og tankar, og får god tid til å modnast, slik at aroma og smak får utvikle seg. Sideren vår er heilt utan tilsetjingsstoff, og er eit reint naturprodukt. Sjølv gjæren er ureist og kjem frå eplehagen.
Serveringstips
For den beste smaksopplevinga, skal sideren serverast lett avkjølt, rundt 6-8 °C. Fram til du skal servere han, er det best å leggje flaskene kjøleg og horisontalt, slik at dei fine boblene ikkje forsvinn ut gjennom naturkorka.
Sider av alle sortane er ypparleg som aperitiff. Det aller beste fylgjet til sideren er ost. Sider kan også serverast til mange typar mat. Dei tørrare sidrane passar fint til sjømat så vel som kjøtrettar og søtare sider er særs godt til dessert og kaker. Prøv deg fram og finn dine favorittkombinasjonar!
Sider til servingsstader
Har du ein serveringsstad og ynskjer å prøve sideren vår på menyen din? Då er det berre å ta kontakt. Du bestiller direkte hjå oss, og vi distribuerer på Sunnmøre med bud og over heile landet gjennom TINE.