Har du lyst til å besøke Skarbøgarden og smake på produkta våre i trivelege omgjevnader? Vi tek imot grupper til gardsomvising og inviterer til smaksprøver på stabbursloftet. Du kan også kome innom gardsbutikken.

Stabburet ligg i hjartet av tunet og er det eldste huset på garden – den inste delen er frå 1600-talet. Her har vi både skjenke- og serveringsløyve, og kan servere ostetapas saman med ulike sidrar frå garden. Ynskjer de eit lunsjmåltid laga av ureiste råvarer frå gard og hage kan vi også tilby det til grupper opptil 18 personar.

Det blir alltid god stemning rundt langbordet, så dette er ein fin samlingsstad både for firma, familiar, vener og andre lag. Ta kontakt om du er interessert i ei mat- og drikkeoppleving utanom det vanlege!