Har du lyst til å besøke Skarbøgarden og smake på produkta våre i trivelege omgjevnader? Vi tek imot grupper til gardsomvising og inviterer til smaksprøver på stabbursloftet. Du kan også kome innom gardsbutikken.

Stabburet ligg i hjartet av tunet og er det eldste huset på garden – den inste delen er frå 1600-talet. Her har vi både skjenke- og serveringsløyve, og kan servere ostetapas saman med ulike sidrar frå garden. Ynskjer de eit lunsjmåltid laga av ureiste råvarer frå gard og hage kan vi også tilby det til grupper på 8-18 personar.

Det blir alltid god stemning rundt langbordet, så dette er ein fin samlingsstad både for firma, familiar, vener og andre lag. Ta kontakt om du er interessert i ei matoppleving utanom det vanlege!