Handverk og tradisjon, i eitt med naturen

Velkomen til garden Skarbø ved Storfjorden på Sunnmøre. Her byggjer åttande generasjon, Kristine og Carlos, på lange tradisjonar og solid handverk for å gi deg uforgløymelege smaksopplevingar.

devider

Vår ost - upasteurisert pasjon

Osten vår er ysta av heilt fersk, upasteurisert mjølk frå dei tjue kjekke kyrne våre. Osten får god tid til å modnast i ein naturleg sval steinkjellar slik at smaken vert rik og fyldig. Den vellagra osten Soleglad fekk bronsemedalje i Oste-VM 2018/2019.

devider

Vår sider – perlande glede

Når haustsola blinkar i bakkane, plukkar vi saftig frukt og pressar fersk most. Gjennom fredfylt vinterstid vert most til edel sider. Eple frå fine tradisjonssortar gir sideren vår ein særeigen smak og karakter.

devider

Gardsbesøk

Ta gjerne turen til gards!  I vinter er gardsbutikken open måndag-laurdag kl 10-18. Her får du ost, most, sider og anna lokalt godt.

Om de er ei bedrift eller gruppe som ynskjer omvising og smaking, så er de velkomne til å ta kontakt.